sjå,
her sit eg
på
ein stein i skogen,
veiftar
med beina, vinkar
med
hendene,
håpar
du vil sjå –
eg
er som eit tre,
det
ser eg på skuggen, eg er som
eit
majestetisk furutre
som
står her, pal i ro
og
berre ventar på at…
ja,
kva ventar dei på?
eg
ventar på deg,
at
du skal komme svinsande forbi,
smile
til meg
og
dra meg med
ned
frå denne kalde steinen
og
ut i noko anna, noko med latter
og varme –
at du skal blåse liv i denne kalde
furua,
så
han slepp å sitje her
og
finne ut –
kva tre faktisk ventar på
I love the shadows and the colours!!!
SvarSlettBeautiful photo!
SvarSlettGreetings, RW & SK
Poetic photo...love it♪♫ http://lauriekazmierczak.com/out-the-window/
SvarSlett