onsdag 30. september 2020

før, etter, no

det er stor forskjell

på før, etter og no 


før

er som morgongryet;

sola stig opp

lyset glir nedover fjellsida på andre sida av fjorden


kroppen må venne seg til

ein ny dag


etter

er som ein blå time

då alt glir saman

som ei grå masse

og ingen veit kva som er kva

 

no

er du og eg

sekund for sekund

midt i ein lunsj på ei opa skogslette;

dette

er alt me ser

 

 

tirsdag 29. september 2020

Fisk i bekk

eg har sett inn i det store tomrommet bakanfor dei gylne bekkefara, der fiskane ikkje lenger sym i stim, men kvar for seg

finn nye vegar rundt det grå berget

let seg finne på ny og på ny, utan å røpe kjensler


er det ikkje slik me glei saman i dette rommet med stengte dører, ingen kunne sjå inn, ingen visste kva som skjedde eller ikkje skjedde, berre i vår eigne tankar fanst det svar på dei store spørsmåla me ikkje våga å stille

me var fisk i ulike bekkar, gøymd bak steinar

umoglege å flytte, finne, unngå

her var me, saman kvar for oss og verda var eit hav utanfor dørene, ein destinasjon

me aldri snakka om


i morgon skal eg synge denne songen, i morgon skal eg bre solstrålane om deg som ei dyne og varme hjartet ditt med ord ingen endå har laga, i morgon vil noko nytt tre inn

og veggane og dørene vil smuldre bort, dammen ligg der blank i morgonlyset

i morgon



mandag 28. september 2020

Retrografi

det ligg så mange bilete att

i grøftekantane langs vegen eg har gått;

 

bilete av føter i grus

naser i iskald vinterluft

              iskrystallar på eit vindauge

lukta av solstrålar gjennom flekkete glas


stemmer i eit anna rom           latter, rop

vaskemaskina snurrar på siste runde


lydar eg kan kjenne att

sjølv 30 år etterpå


ein smak det går an å sjå for seg

som eit levande insekt på vandring

over stovegolvet


heile fotoalbumet

strøydd utover

og ingen vil nokosinne plukke det opp



søndag 27. september 2020

Søndag

 søndagens

søvnige

grenseland

skal forserast

med stille stil

til songen

om det ævelege

søndagsriket

 

 

lørdag 26. september 2020

Koble til

koblar til

medan prikkane glir sakte

over skjermen --


auga mine søker eit kompass

vegen eg går

er dekt av tåke og regn,

skoa våte, auga tørre

kleda klistrar seg til kroppen

og alt i meg

søker kontakt


koblar til

med falda hender

og eit hjarte som lengtar

heim


fredag 25. september 2020

det smale lyset langt der oppe

det er langt ned

til hjartet sine kjellaretasjar

og ingen stige opp att


berre dette svaiande tauet

eg kan halde fast i

og håpe

nokon vil finne 


og hale meg opp att



torsdag 24. september 2020

Gaupene

dei ville gaupene
på vegen til Jeriko

igjen og igjen
kan du skimte silhuetten mot månen
viss du går så stille
at føtene ikkje lagar lyd

om du ikkje finn ein gøymeplass
er bildet du såg
eit sikkert teikn på undergang

så kjem dei fram, frå alle kantar
lysande auge
blotta tenner
eit skin av lyst over ganglaget;
lukta av frykt frå huda di
er som bensin på bålet --

etterpå er du heldig
om du kan opne augelokka
om du kan merke sola som skin
og endå ein gong
kjenne den store tørsten etter vatn

livet er den einaste rikdomen du har att,
og det einaste det er verdt å ta vare på,
er du heldig
finn nokon den skatten du er
og vil berge i hamn
før den verdifulle gnisten er tapt
for alltid