tirsdag 2. januar 2018

Natt over fjorden



sakte trekk lyset seg attende,
overgir område etter område
til mørket og kvelden

skyene fortset sin tause dans
filtrerar lyset, porsjonerer ut
våre tilmålte blå tonar

før sjølve natta rullar inn
over vassflata, rundt fjella
og viskar bort dei siste restane av lys


mandag 1. januar 2018

Barbar



det er eit innslag av vald
i orda du seier

dei kryp liksom sjølvsikre ut i verda
møter lufta med stålkontroll
og fintar all motstand av bana –

du seier det er kultur,
at det er tida i utvikling
og verda som har endra ham
til dette punktet – der orda brenn

som tørka lauv i øyrene mine
og du smiler og nikkar
medan tankekonstruksjonane fell
som forkola stillas

i ruinane trampar orda dine rundt
og gliser med blodige ulvetenner
over kadaveret til det som ein gong var
vår kultur

Ny start



det første kalenderbladet er utan blekk
dei elleve andre endå usynlege

snart startar aldringsprosessen også her,
men først skal eg smile og håpe

det vert ei lukkeleg aldring
for alle
dette året