fredag 10. november 2017

Det veldige kanskje



det ukjente, store
som ligg og ventar – der framme
om du finn vegen
gjennom labyrinten

eit mål som glitrar og lokkar
vinkar deg nærare
endå du ikkje ser det, høyrer det
eller veit noko om det

dette veldige kanskje
dette – slottet – på andre sida
der tankane kan finne kvile
for frykta

ein dag legg du båten til kai
dreg inn årene
kjenner kjølen skrape mot tang og skjel
og varmen trengje gjennom frosne klede

og du kjenner deg att;
dette kanskje har du bore
som ein skatt i hjartet
heile vegen til enden av labyrinten


torsdag 9. november 2017

Den indre flammen



kanskje er du sola
dei krinsar rundt
umedvitne
den brennande flammen
i ditt indre

der smeltar bitar av livet ditt saman
til stødige minner,
sender strålar av energi
frå kvar pore i huda

det du byggjer og ber på
skapar gløden i elden frå auga

kanskje er det difor
dei krinsar rundt deg;
auga speglar den indre flammen

umedvite
får dei del i den same varmen


fredag 3. november 2017

Dei stille steinane



tuftene på gamlehuset
der dei første steinane vart lagde
for så mange sekund sidan
at ingen kan telje dei

steinane som har vore fundament
for dette huset medan tida passerte
utanfor

og føter har gått inn og ut
frå barneføtene stampa over grunnen
vart eldre, store føter
og gamle, subbande over golvet

så slutta føtene å gå
medan nye kom til

og hundreåra skifta
generasjonane kom og gjekk
men dei stille steinane
ligg der endå