er varm lava strøymande over isbrear av frykt, smeltar vekk den forferdeleg vonde kvelande smerta som jagar gjennom blodet men no vert smerta sjølv jaga av denne lavastraumen av kjærleik frå ei mor er lindrande vind over aude ørkenlandskap av einsemd, trøystar der håpet døydde og vener drog og alt som står att er tørre stubbar av det som ein gong var men no kjem vinden siglande som eit levande plaster frå pusten til ei mor