torsdag 7. august 2014
Ein bit
viss du startar langt ute
frå satelittperspektivet
og innover,
let auga kvile
ved dei kjende rørslene
rotasjonane
krinslaupa
rytmane
i alt frå galaksar, planetbanar
og ned til elektronskala,
ser du systemet
- at alt er bunde av reglar
og faste gjeremål,
fininnstilt og presist
som eit urverk
og du er ein bit av det heile -
ein bit av meg
ein integrert del
av min integritet, sjølvkjensle,
alt det som gjer meg
til meg
ligg her
i den værharde naturen,
i det djupe, i det høge
i symbiosen
mellom hav, fjell og himmel
og kan vanskeleg skiljast
frå alt det andre
som også er meg
som ein svevande tanke,
lyseblå, flyktig
og veldig vanskeleg å vite
heilt nøyaktig
om er realistisk, verkeleg mogleg
å fange i ord,
er kjenslene eg kjenner
når eg let att auga
og flyr tiår tilbake i tida,
til ungdomsvåren, barndomslandet
eg reiste frå ein gong
men som endå er eit landskap
eg byggjer alle mine andre landskap
over
ein bit av meg er att
når du har sagt namnet mitt
og sett på meg,
ein bit av meg er att
i røysta di
i auga dine
der ein bit av meg er att
som eit pant -
ein bit av verda
festa som megabytes,
små firkanta bitar
i eit puslespel
- det nest beste eg har,
bortsett frå å vere der
på ekte
#Sognefjorden
Eg veit at eg har ein tendens til å bli både svulstig, nostalgisk og lokalromantisk når eg snakkar om Sognefjorden. Det har blitt slik med tida, når eg no har budd andre stader på Vestlandet i mange år. Eg veit at det er slik, men eg bryr meg ikkje...
Progress
The progress at speed
entering a future
unknown
and uncertain
whether
the road leads forth
or back -
Sakte
sakte
siv tida som ei tåke
gjennom rommet -
alt er svart
alt er kvitt
eg ser ingen rørsler
høyrer ingen lydar,
let sommaren leve sitt eige liv
dukkar inn i kampen
mellom dei som ser langt fram
og oss andre
som brukar all energien
på forsvar og tilbaketrekking -
tirsdag 5. august 2014
Viss vi berre...
viss vi berre
tenkte gjennom alle orda
før vi sa dei
viss vi berre
høyrde meir på hjartet
enn på fordomane
viss vi berre
kunne elske naboen like høgt
som oss sjølv
viss vi berre
hadde brukt alle tinga som leigd
ikkje eigd
viss vi berre...
#kong Bele
Her har kong Bele sitte og fundert og sett utover Sognefjorden i mange lange år. Då eg var liten, var han kjekk å klatre på. I desse tider fristar benken mest...
mandag 4. august 2014
Filter
det er lyset
det duse laget
av lys
som legg seg
som eit lag maling
over eit landskap
av store flater;
fjorden
fjella
himmelen
og speglar dei små punkta
som er oss menneske
det er det lyset
som filtrerar alt
som går inn
i hjarta mitt
ein veg
eg har gått
eit landskap
eg kjenner
som min eigen barndom
eit syn
som senkar pulsen
det er eit grunnlag
eit origo
for kompasslause dagar
i fjerne land
og blikket fyljer linjene
som teiknar
landet -
her klorar vi oss fast
her reiser vi våre byggverk
og ser -
kor fjorden ligg urørleg
upåverkeleg
av våre rørsler - lengslar
og er ein straum
gjennom hundreåra
trass oss -
så dreg eg vidare
legg barndomslandet bak meg
ser husa krympe
under svarte fjell og kvite skyer
som ein parentes i kvardagen
ligg vegane tilbake
ventar på mine føter
filtrerar det auga ser
-
verda snurrar vidare
eg går - barndomen ligg bak
fjorden, fjella, himmelen
er dei same
(Our world tuesday, Good Random Fun)
Etiketter:
barndom,
fjord,
Goodrandomfun,
livet,
lys,
our world tuesday
søndag 3. august 2014
Stå i fred
Den vesle blomen i vindauget
på soverommet,
den vi fekk av ein ven
for lenge sidan
alt då vi så vidt var gifte
og huset stod nytt og ubrukt
Den fekk stå i fred
Den vesle steinen bak huset
mellom stien og
syrinbuskene
den du syntes var så fin,
glattslipt, blank og kvit
og som passa så godt inn
der den låg
Den fekk liggje i fred
Og bøtta, den raude og skitne
den vi brukte til å bere vekk ugras
i
og ha mold i
når vi skulle pynte i hagen
Den som du ikkje ville ha inn,
og som difor vart ståande bak
syklane
Den fekk stå i fred
Det var berre vi levande
glade, triste, sorgfulle, lukkelege
og tvers gjennom ufarlege
som måtte reise
leggje alt bak oss, finne nye vegar
å gå
Det er ikkje fred for menneska
i krigen
berre for dei små bagatellane,
som vitnar om liv som er levd
lørdag 2. august 2014
Brør
Eg kom over han i skogen
Han låg såra
Angsten lyste ut av to blå auger
som reflekterte den klare himmelen
Kontrasten til vår blodmerka jord
Eg sikta på han med våpenet
Ropte at han skulle ligge stille
Endå han ikkje kunne
Eller såg ut til å prøve
Gå nokon stad
Slik stod eg, i andelaus spenning
Medan knatring og granatsmell
Kunne høyrast eit stykke unna
Han sveitta frå det støvskitne håret
Og tårene var der og var der ikkje likevel
I auga hans såg eg ei historie
Frå eit anna land, ein annan skog
Eg såg sjøar og latter og boccia på plenen
Ein hund og eit barn og ei kvinne
Ein hellelagt sti opp til huset
Auga dei lyste, og lengta langt vekk
Dei fortalte om smerte og håp
Eg starta å vakle, for akkurat då
Forstod eg
Kor like vi var, innerst inne
Fiendar, ulike klede og ulike våpen
Med hjarta og auga og håp
på same frekvens
Og lengten til ei betre verd
Der våpen berre var ein vond draum
I den verkelege verda
Hadde vi vore brør
Han hadde lege i graset
Og eg hadde peika på han
Med ein
badmintonracket
Abonner på:
Innlegg (Atom)