Viser innlegg med etiketten sjakk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sjakk. Vis alle innlegg

søndag 7. september 2014

Mønster




det er eit mønster i spelet,
vi veit
kva som står på spel
og kva vi kan spele bort
utan å verkeleg
tape
 



det er eit mønster å følgje,
vi ser
alt som er i spel
og alt vi kan ta bort
utan å miste
ansikt





det er eit mønster der ute,
vi går
over alt som eit spel
og tek vekk alt som må bort
utan å tape
likevekta –



torsdag 7. august 2014

Sakte


sakte
siv tida som ei tåke
gjennom rommet -

alt er svart
alt er kvitt

eg ser ingen rørsler
høyrer ingen lydar,
let sommaren leve sitt eige liv

dukkar inn i kampen
mellom dei som ser langt fram

og oss andre
som brukar all energien
på forsvar og tilbaketrekking -