søndag 6. april 2014

Lys #2-4




2
det er når mørket sig på
og kulda fyljer etter,
alle dører vert stengde
vindauge vert lukka
at behovet for lyset kan merkast

då tenner vi på veikane
og let varmestrålane
fylle det golde rommet
så det igjen vert varmt og mjukt

og vi igjen kan få ein illusjon
av lyset vi lengtar etter
det store lyset
som fyller hjarta med varme
og bind saman det knuste,
leger det som gjekk sund
 



3
vassmolekyl rundt eit støvkorn
små vassdropar
i dansande glede gjennom lufta
vert ein bekk ei elv ein sjø
eit magasin ei buldrande vassmasse
gjennom stålkonstruksjonar
driv turbinar i svimlande rørsler
genererer andre rørsler så små
så mektige så farlige så nyttige
samla opp
frakta vekk
gjennom sjøar av elektron
i utruleg fart
heilt hit – eg trykker på brytaren
og sollyset som lyfta vassmolekyla
kjem ut som mjukt lys
i stova mi





4
slik kan eg sitje heile kvelden
slik, med stirande auger
i det dansande lyset
la meg fylle av varmen, fylle av
ei kjensle av harmoni
stengje ute alt rundt
stengje ute alt som er mitt

berre drive med
inn i lyset
der ordet tid ikkje lenger har meining


lørdag 5. april 2014

Lys #1



som ein lyskastar
eit inspeksjonslys
sveipar sola sine stråler
over jorda
endå ein gong

landskapet er kjent
alt er sett
tusen gongar, millionar
milliardar gongar før
og strålane trålar verda, tolmodig

skal tru kva ho tenkjer
sola
om det ho får sjå her nede
på denne inspeksjonsrunden
skal tru kva ho fører
i protokollen –

fredag 4. april 2014

Eit lån vert innfridd



han ligg stille no
medan graset fortset å gro
og fuglane flyg i vinden
som rører opp havet
så bølgjene slår, vedvarande
mot dei tause, trauste strendene

og han ligg stille, heilt stille no
alt han eig har eit lag av støv over seg –
snart kjem dei og plukkar det vekk,
bit for bit, bilde for bilde,
gullmynt for gullmynt
til alt som er tilbake er den tause kroppen
stille
no

og han ligg stille, ja, heilt heilt stille
og alt han eigde er vekke
medan graset fortset å gro
og fuglane flyg
over verda, den snurrande kloden
der liv kjem, liv går
og den merkelege tanken om å eige
fortsatt lever

på lånt tid

onsdag 2. april 2014

Stille ord



orda stansar
sluttar å trille som steinar
på botn av bakken, over sletta
der alt vert bremsa, alt vert stoppa

eg stirrar fortvila
ser alle kombinasjonar falle til jorda
som daude lauv, som visna gras
all romling er vekke, all rulling er over

- orda må opp att -
eg dyttar det eg er god for
vil tilføre ny energi, nye krefter
vende tilbake til der eg eingong var

men orda let seg ikkje rikke

eg set meg ned
finn ei støtte for ryggen, ei kvile
for såre armar, såre føter
legg hovudet til ro i hendene, alt er stille

då høyrer eg kviskringa
frå tidlegare rullande steinar
ord utan kraft, som eit sus i vinden
stille ord frå ein djupare grunn

eg rettar ryggen
let auga gli over fjorden
tek inn lyset, tek inn stilla, let meg senke
inn i den mjuke freden frå tause ord