No er brygga tom,
men endå ligg
ropa i lufta –
Eg høyrer latter
og glede,
hud som glinsar
av sommarperler
og ringane i
vatnet breier seg utover
utover
utover
til dei stille
slår mot breiddene
og vatnet ligg
stille,
ropa er
forvrengte – det er berre ekko
frå ei anna tid
- Visarane på
klokka har fryst fast
og vatnet ventar
ventar
på ferske rop,
fersk hud
ferske ringar i
det friske vatnet,
nye solstrålar,
nye gleder
- at noko levande
skal vakne
frå vinterdvalen