Viser innlegg med etiketten heimstad. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten heimstad. Vis alle innlegg

søndag 18. januar 2015

Draumen om vinter


det er draumen om vinter
- den kvite, glasklare
som lever og kapslar inn
våre lengtande hjarte

at det kvite skal falle
og dekkje verda som eit teppe
der alt vert nytt, alt vert kvitt
og ei sporlaus verd ligg framfor

endå er ingen feilsteg tekne -


det er draumen om vinter
- den blanke og vakre
som skjuler våre djupe
mørke rom

at vatnet skal stivne
og verte ei bru
der føtene kan finne feste
og bere oss over

den andre sida er i sikte -


det er draumen om vinter
- den barmhjertige, kalde
som preserverer alt det gode
til ei anna tid

at noko skal spire
og trengje seg gjennom
der det no er tomt og mørkt
og fargeleggje verda

det beste er endå i vente -



(Fototriss)

lørdag 11. oktober 2014

Slik er det


flytande over vatnet
dei store djupa
i livet
er ein lengt
etter fylde
i det tomme;
ei kjensle av 
nærvær
der land møter hav
og eg høyrer til
- slik er det
seier du


svevande i høgdene
frå himmelbryn
til heilt ned hit
der beina mine
møter haustkald jord;
ei kjensle av 
nærvær
der vindane går
og skyene ropar
om deg
- slik er det
seier du


traskande i det stille
kveldslyset, ein lengt
etter fred
i det mørke
eit rop
om utfriing
frå alt som dreg ned;
ei kjensle av
nærvær
gjennom haustkalde
netter
der einaste du
ser mine steg
- slik er det
seier du

og eg trur


(Fototriss)

mandag 12. mai 2014

Kingdom



1
this, my kingdom
this, my life

my playground then
a proper place to grow

over door sills once we ran
kept sight of the world in binoculars –




2
this, my kingdom
this, my elevator

from ground level
to age of wisdom –

this is my father’s soil
this is my mother’s love



3
this, my kingdom
this, my silent corner

where the flowers sway,
like slaves in the wind

like rulers of love
measuring the worth of flesh





4
this, my kingdom
this, my micro part of the universe

where my love is grown
where my love still loves

closer than my beating heart
a place on earth which I call home –