tirsdag 5. november 2013

Kome att



stille, utan klage
fordampar vassmolekyla,
einsame på si ferd
frå det store havet
til høgdene i livet

dei skal bort frå det vante,
bort frå det vi ser
og dei gjer det umerkeleg,
det er nesten så vi ikkje veit
at dei er vekke

men høyr på bekken,
høyr kva den ropar
med iver ut i dagen:
her kjem vi attende, menneske!

(Onsdagstema)

søndag 3. november 2013

Bru - Ferje - Tunell



1
trygt planta
som eit monument
over det vi menneske kan klare
å forsere –
ligg brua som eit taust vitne;
eit stengsel er borte

i andre enden
av regnbogebrua
ligg kanskje skattar gøymt




2
heile kysten er lagt
som ein autostrada
for dei tålmodige;
vi som heile livet har venta i kø
og fortsatt syns det er greitt
å strekke på beina
til bølgjeskvulp og dieseleksos
med få timars mellomrom



3
eit gratis reisetips
til deg som skal reise
langs vestlandsvegar:
tel tunellar frå startpunkt
til mål, og sjå
kor nære hundre
du kan komme


Morfar

Johannes Bø (1911-1997)



Min morfar
skomakaren
Han som vi kraup inntil
om morgonen
og høyrde fortelje
om fjerne tider:
om krigen og revejakt
og lensmenn og soldatar

Min morfar
mjølkesjokolademannen
Aldri kan eg ete
Freia mjølkesjokolade
utan å tenkje på han

Min morfar
som grudde seg for å køyre buss
Aller helst ville han vere heime,
men kom likevel
og vi gledde oss
når vi såg bussen opp siste bakken

Min morfar
som eg ikkje alltid forstod
Han var annleis enn meg
tenkte så annleis
om mange ting
Og ikkje alltid lytta eg
så godt som eg burde

Min morfar
som er borte no
Han levde sitt liv,
og let meg bli ein del av det
for ei stund
Borte, men ikkje borte
frå hjarta mitt