Viser innlegg med etiketten ferje. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten ferje. Vis alle innlegg

fredag 22. november 2013

Krokodillevers



lik ei gapande krokodille
utan magemål –
som ein glidande drake
over vatn, både stille og
opprørt – når det kokar
så havet gyngar –
då glir den stødig over fjorden
fram og tilbake
i roleg rytme – den har eit mål
den veit kor den skal

eg skal over, fjorden er djup,
den store krokodilla opnar kjeften og
eg let meg villig leie inn i gapet –


søndag 3. november 2013

Bru - Ferje - Tunell



1
trygt planta
som eit monument
over det vi menneske kan klare
å forsere –
ligg brua som eit taust vitne;
eit stengsel er borte

i andre enden
av regnbogebrua
ligg kanskje skattar gøymt




2
heile kysten er lagt
som ein autostrada
for dei tålmodige;
vi som heile livet har venta i kø
og fortsatt syns det er greitt
å strekke på beina
til bølgjeskvulp og dieseleksos
med få timars mellomrom



3
eit gratis reisetips
til deg som skal reise
langs vestlandsvegar:
tel tunellar frå startpunkt
til mål, og sjå
kor nære hundre
du kan komme