nokre
meter i mørket,
ei
stund utan sol, utan regn
som
eit vakuumsekund – ei nanomengd
skuffa tårer, håp som brast,
ein
dag som krølla seg, framtida
med
eitt usikker, utrygg og skummel
og
du anar ikkje kvar vegen vil føre deg hen –
nokre
meter i mørket,
der
skinnene stoppar, og toget fortset
ut
i det blå
-
kvar vert det av –
kvar
er du – kvar er resten av verda
som
før lyste blå og raud og gul,
men
no er redusert
til
gråstein, svarte veggar, sorgdrypp
frå
taket –
nokre
meter i mørket,
men
så
vil dagen opne seg att,
lyset
strøyme inn – lyse opp
og
du ser vegen, du ser håpet
som
tørkar tårene, vaskar vekk
dei
svarte skuggane som har festa seg
til
hjarte, til auge, til tankar –
midt
i mørket,
midt
i svartaste tunnelen:
ikkje
mist håpet
om
lys