Viser innlegg med etiketten retur. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten retur. Vis alle innlegg

tirsdag 5. november 2013

Kome att



stille, utan klage
fordampar vassmolekyla,
einsame på si ferd
frå det store havet
til høgdene i livet

dei skal bort frå det vante,
bort frå det vi ser
og dei gjer det umerkeleg,
det er nesten så vi ikkje veit
at dei er vekke

men høyr på bekken,
høyr kva den ropar
med iver ut i dagen:
her kjem vi attende, menneske!

(Onsdagstema)