lørdag 8. desember 2012

Lukke



Lukka er to barneføter
vassande gjennom sommargullet
Bøygd og nysgjerrig går barnet,
smilande glad

tenkjer ikkje over livet,
funderer ikkje på tap
eller siger
Berre er der

jublande lukkeleg for kvar vesle blome,
og kvar vesle sommarfugl
på fløyelslette, skjelvande
venger, frå her til der

og barnet etter, på lette føter,
hylande av glede
trillande latter
som klinkekuler bortetter svaberga

*

Lukka er ei barnehand,
hardt falda om nyvunne skattar,
ei gåve til mor, ei gåve til far
- Å, kor glade dei skal bli!

Lukka er eit glas med engkarse,
den vanlege blomen, henta
av to barnehender,
små og glade
og slett ikkje vanlege, for meg:

Dei er lukka, materialisert,
rett framfor mine eigne auge!



fredag 7. desember 2012

Overstige



Sakte kraup vatnet inn i byen
Steig over den første moloen,
grov seg ein veg inn i gatene,
oversteig brustein
og dei første bilane,
kraup oppover husveggane,
fylte byen,
den skrekkslagne byen
til randa

Vi hadde ingenting å forsvare
oss med;
Stille måtte vi sjå havet innta byen, overstigande
Krevjande,
Stille måtte vi pakke sekken,
og forlate byen

Frå ei høgde såg vi tilbake
Såg vatnet leggje byen under seg,
fylle dei no folketomme gatene

Stille snudde vi oss vekk
og gjekk,
med erkjenninga bankande under huda:
den einaste som kan overstige havet
er det sjølv

torsdag 6. desember 2012

Siamesiske hjarte/N.



Du og eg
har siamesiske hjarte,
knytt saman av tid og opplevingar,
alt det vi har gjort saman
opp gjennom åra

Med kirurgisk presisjon
bankar dei no
i same takt,
komplett umoglege
å skilje

onsdag 5. desember 2012

Eld



Eg ser ned på fyrstikka,
den vesle trepinnen
i mi eiga hand
- At noko så lite
kan gjere så store ting

Eg er glad
sjølv om frykta er større

Forundra ser eg på elden
- Du er min, seier eg
Eg skapte deg sjølv,
med denne, seier eg
og held opp fyrstikka

Viftar den mot flammane,
men ingen vert imponert

- At ein kan skape noko
ein rår så lite med,
tenkte eg,
før eg la på sprang

Fyrstikka låg att i skogen