fredag 12. juni 2020

Kva står att

all informasjon
i kjemiske bindingar
knutar på ein tråd
ingen kjærleik

kjenner grensene for det fysiske
ei formelliste med tal
er ikkje det auga ser
i forelskingsrusen

om alt vert slipt ned
til like innanfor skala

kva står att
om me mistar alt
og held fast
på det som tel?



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar