sola brenn på himmelen i aust
natta tørkar seg rundt munnen
noko er i ferd med å rive seg laust
og stige mot himlen frå grunnen
eit stigande lys går mot dag
og natta går bort og tek kvelden
ein fest har det vore, eit festleg lag
seier natta, og sovnar så stilt oppå fellen
men sola brenn og kamplysta stig
som ein eld renn det snart gjennom blodet
eit kall til å vakne; ein omvendt krig
stå opp, kultiver din bit av vår klode
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar