der vegen over fjellet
ikkje lenger er
ein sti
men
motorveg
på flatvalsa asfalt
og beina
ligg stødige
mot pedalar i ein bil
alt som kunne vere
vanskeleg
er sletta ut
av nokon som
sveitta tida
over åsane
og la hjartet sitt att
i kvart spadestikk
så kan ein surfe
på dei gode bølgjene
og lande mot ei finsanda strand -
--
når stormen set inn
er ein hjelpelaus
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar