du
veit dei fargerike
glade
dei
du ser på
med
lange auge
og
skjelvande blikk,
dei
du knapt kan tru
at
eksisterer
i
nærleiken av deg sjølv –
slik,
ja slik
ville
du vere
fekk
du velje
og
så stirar du deg blind
på
fasadar
smil som skjuler
djupnene
bak,
at
det du lengtar etter
ikkje
eksisterer
anna
enn i ditt eige hovud
og
den du trudde var fri
er
bunden
ja,
meir bunden
enn
du sjølv
for
du er ein skogblome
vekkgøymd
og liten
i ein
skog
som
ofte verkar for stor
og
i ei stille
som
ofte er altfor djup
og
du lengtar, håpar
at
nokon skal sjå deg,
sjå
kor du skin, kor du stråler
i
deg sjølv
men
ingen kjem, ingen ser
ingen
høyrer –
likevel,
du veit kva fridom er
du
veit kva det vil seie å leve
du
veit kva som er viktig –
er du heldig
har du naboblomar
i same situasjon
Flotte bilder med fin tekst (som alltid)!
SvarSlettVackra blommor till en text som frammanar aningens vemod ... och insikt!
SvarSlettWie schön die Blüten sind.
SvarSlettLG Mathilda ♥
Vackra bilder och vacker text, så fint!
SvarSlettViktig!
SvarSlettFin ny veke :-)
Fin triss! :)
SvarSlett