1
Hawwah, Hawwah
du som gøymer deg
i jungelen,
det er ei tung
bør du ber
på akslene
og at du ikkje
kan sjå inn i framtida
er eit lyspunkt i
alt det grå
2
I dag, Hawwah, er
det du som ber skulda
og døtrene dine betalar
prisen,
dei som samlar
seg diamantar
og drep sine
barn,
dei som kler seg
nakne for all verda
medan dei druknar
i si eiga frykt
for å ikkje strekke
til,
dei som piskar
seg og heng på seg lodd
som er altfor
tunge å bere,
og trur det er
eit krav – frå verda –
3
Hawwah, med bøygd
nakke
tek du imot slaga
dei du slett
ikkje har fortent,
du tek imot og
tek imot og tek imot
og våre hjarte
blør for deg
dei blør ditt
eige blod, det vi fekk av deg,
no blør vi det
for deg
og tårene dine er
tårene våre
- det er den same
elva
og renn mot det
same havet
4
Hawwah, Hawwah
vår mor, vår
søster
vår kvinne
gjennom alle tider –
Du kan tre ut av
din skjulestad,
legge av deg
kleda
legge av deg
skamma
legge av deg alt
som har knust ditt hjarte
igjen og igjen og igjen –
Det du gjorde er
slett ikkje ugjort,
men skulda er
betalt,
du er fri!
#symbol
Sjølv om det kanskje ikkje ser slik ut, er bildet i dagens innlegg faktisk eit foto... Motivet er enkelt, og bildeflata endå enklare, likevel passar symbolet, henta frå ei toalettdør, godt som illustrasjon til teksten. Og sjølv om teksten inneheld eit par spark, er den aller mest eit sympatidikt. Det er altfor mange kvinner i dag som lever i ufridom. Då tenkjer eg både på dei som vert direkte (og skammeleg) undertrykt i mannsdominerte samfunn, eg tenkjer på dei som møter fordomar og fordøming for den dei er, også her i vestlege land. Og eg tenkjer kanskje aller mest på alle dei tunge krava og forventningane som kvinner møter kvar dag, spesielt gjennom media. Det er ikkje lett å leve som eit verkeleg fritt menneske, når alt du høyrer frå massemedia (og då særleg reklamen) er at du ikkje er god nok, ikkje fin nok, ikkje populær nok, ikkje fint nok kledd, ikkje har fint nok hår, ikkje har fin nok kropp, ikkje har kvite nok tenner, ikkje... ikkje... ikkje... Det er på tide at vi (altså eg og alle andre menn) begynner å snakke høgare enn reklamen: Du er fantastisk, kvinne! Ver den du er skapt til å vere!
Flott bidrag, - både til B&W temaet og til det som kommer i morgen!
SvarSlettSterkt!
SvarSlettSå fint och starkt bidrag!
SvarSlettThank you!
SvarSlettBLOGitse
Dynamic. A wonderful reminder that freedom is free to all.
SvarSlettThat's a strong image.
SvarSlettA thought-provoking post.
SvarSlettEt flott bidrag til B&W, og flott hyllest til kvinnene,- så det er bare å takke!
SvarSlett:)