tirsdag 28. juni 2022
mandag 28. juni 2021
fredag 26. mars 2021
På ny på ny
me kunne kanskje ta til att,
starte opp der me slapp
gripe dei gamle orda
eller finne nye som passar betre
der me er no
la orda vekse seg større med tida,
sørge for vekstvilkår
i eit karrig landskap
vere det me ikkje var
før me vart det me er
og kan leve med dette
å vere slike som stadig vert
tvinga til å starte på ny
det er jo noko fint i det også
onsdag 23. desember 2020
J -
kor skal me setje juletreet då
det må ikkje stå i vegen for fjernsynet,
så me må bøye oss
eller skifte favorittstol
for heile juleveka
J- kan stå lenger borte
men ikkje framfor omnen,
eg vil gjerne sjå elden
heller ikkje for nær borda og bokhyllene
framfor kjøkkendøra
eller der borte kor eg plar sjå ut vindauget
på melankolske dagar
det kjem kanskje nokre slike i romjula også
så -
kor skal det stå
kanskje borti hjørnet,
der ingen snublar over det, og kanskje
skal me kjøpe eit svært lite i år
eit J- som knapt syns,
eller kanskje setje det i gongen
eller på boden nede
så kan me gå ned og sjå på det
når me treng litt julestemning
utan at det er til plage for nokon
i mellomtida
ja, set J- på boden,
det er det enklaste for alle,
viss me då treng J- i det heile,
kanskje me heller skal kjøpe litt meir konfetti
for pengane
onsdag 2. desember 2020
tirsdag 1. desember 2020
Hav utan magemål
problemet er ikkje det me har
men det me trur me kan få
fordi me har rett til det
som eit sjølvsagt tilbehør til julemiddagen
ein saus av elektronikk, eit teppe
av ord, tøy, plast og glas
eit hav å symje i
men inga landkjenning, inga kai
å kunne klatre opp på, leggje seg flat
og nyte solvarmen
berre dette havet som stadig samlar meir av vatnet
og me som kavar med å halde oss flytande
medan ørkenen brer seg ut
der alle dei andre er
mandag 30. november 2020
Midlertidig
i nysnø
viser at her har nokon gått
her har nokon ytra seg
her har nokon vore til
så kjem våren, snøen smeltar
spora forsvinn
og ingen vil minnast orda
eller han som førte pennen
