fredag 25. juli 2014

Skuggar



det ligg skuggar over vegen,
der vi strevar mot lyset

lyfter fram våre håp, våre draumar
alle våre gode intensjonar

stirrar inn i framtida
prøvar sjå glimt av det som ligg framfor

og gløymer å passe skuggane,
gløymer å sjå baksida av alle ting –

i det skjulte veks skuggane store,
medan sola går ned

bak ein horisont som lyser raud
over eit hav med djup på djup –

når sola er borte
er det skuggane som rår…




Stars becomes flowers



(Haiku my heart)

torsdag 24. juli 2014

Fire dagar før


skyene samlar seg
over horisonten,
endå er himmelen blå
over hovuda
og vi anar ingenting
om det som ligg framfor -

men skyene samlar seg,
himmelen mørknar
og framtidstrua
vil snart ligg skjult
under gjørme og blod

for skyene samlar seg,
det er ingen veg tilbake
til den vi ein gong var
eller dit 
vi ein gong ville gå

det er berre fire dagar att
til verda går inn i natta
og alle våre draumar
vert knust


# 1. verdskrigen

Snart skal vi markere hundreårsdagen for starten på 1. verdskrigen. Den store krigen, som endra Europa og førte oss inn på ein heilt ny kurs. Fire år med skyttergravskrig og død, og ingen gjekk verkeleg sigrande ut av konflikta. Og kanskje verst av alt: Den la grunnlaget for krigen som endå står som ein av dei mest grusomme i verdshistoria, nemleg 2. verdskrigen.

Ein kan hente inspirasjon til å skrive dikt frå mange kjelder, og eg har skrive ein god del dikt med 1. verdskrigen som tema. Eg kjem til å leggje ut mange av desse dikta i dei kommande vekene, og alle vil bli merka med etiketten 1. verdskrigen.

onsdag 23. juli 2014

Camping


Under ein open himmel,
der alt som skal skje
er skjult
bak gyldne horisontar
og alt som har skjedd
er dekka av plast
og sett telt over -

Stille står eg
under ein open himmel,
ventar på regnet
ventar på sola
ser natta senke seg
over eit stille land

I kveld
er det ingenting
som tyngjer hjartet
 

mandag 21. juli 2014

Good Random Fun v. 29



Good

Let those who are thirsty
drink deep
from the well
of your never ending
love and mercy
Lord




Random

I’m craving the freedom
in an independent stroll
across the floor –

I’m craving the freedom
in managing the stuff
I couldn’t do before –

I’m craving the freedom
in growing and stretching
for another goal, and another again –





Fun

In this dry land,
at the peak
of a landscape unfolding
and unraveling
its beauty and weakness
I’m armed, I’m eager
to fountain
your love