søndag 25. november 2012

Uklar


Dagen eg mista deg
vart heile verda mi endra

Ikkje at den stoppa å snurre
eller mista fargane, utsikta,
alt det som gjer den vakker

Den vart berre uklar;
eg klarar ikkje lenger skilje
mellom det som kjem mot
og det som går i frå

Før og no flyt saman
og tida har fått ein ekstra dimensjon:
den lineære kurva, ut av tida
Ut til der du er no

springande
over Guds vakre blomstereng 

lørdag 24. november 2012

Drift



Huset kastar loss
og legg i veg ut fjorden
- til og med hus kan bli leie
av tettbygde strøk

Eg hiv meg på, klamrar meg fast
til det aller næraste
Forlet dei kjente traktene
og skodar inn i ei ukjent framtid

Vi søkjer utover, huset mitt og eg
To vagabondar, så ulike
men med same lengten:
ut på fjorden, ut i verda, ut – ein stad

onsdag 21. november 2012

Fullmåne



Det var den kvelden eg stal månen
Ein fullmåne, rund og fin
Eg putta den i innerlomma
Berre i tilfelle
Ja, berre i tilfelle

Nokon vil seie at det er å flotte seg
At ein må ha ein grunn,
noko nyttig ein vil bruke den til

Men ein kan aldri vite

Det kan jo hende ein treff nokon
som vil like at ein har ein fullmåne
for handa
Og då, då er det jo greitt
at ein faktisk har det

mandag 19. november 2012

Så like, så blinde



Denne raketten skal til Tel Aviv!
seier Hamas-aktivisten, med
fryd i stemma, og nervøse hender
i det han trykker på knappen

Denne bomba skal til Gaza!
seier generalen, i det
han sender dei unge flygarane av garde
med dødslasta i flybuken

Måtte dette barnet vere velsigna!
kviskrar den unge palestinske mora
i det ho lyftar opp sin nyfødde son
voggar han ømt i armane:
“Måtte det følgje fred i dine fotspor”

Måtte dette barnet vere velsigna!
kviskrar den unge jødiske faren
i det han lyftar opp si nyfødde dotter
voggar henne ømt i armane:
“Måtte freden bu i ditt hus”

Så like dei er, dei unge, dei gamle
dei tenksame, dei enkle, dei arbeidsame
Så like dei er
Og så blinde

søndag 18. november 2012

Skuggane



Røysta frå fortida,
den stille kviskringa
frå dei som gjekk framfor,
dei som kastar eit blikk over skuldra
vinkar oss framover
vidare, vidare:

Dette var ein gong vår jord
men ingen får bli
ingen får stoppe
Vidare, vidare:

No er vi gløymde skuggar
andre trør på åkrane våre
andre syng songar i vårlufta vår
andre spring over engene
dansar i gatene, ler i husa
våre
Vidare, vidare:

Du skal også – hit
ut
Ein gong er også du ein gløymd skugge
og det einaste som tel
er
kven du var, kva du gjorde
og viktigast av alt: kven
Ja, kven
du tilhøyrde