Røysta
frå fortida,
den
stille kviskringa
frå
dei som gjekk framfor,
dei
som kastar eit blikk over skuldra
vinkar
oss framover
vidare,
vidare:
Dette
var ein gong vår jord
men ingen får bli
ingen får stoppe
Vidare, vidare:
No
er vi gløymde skuggar
andre
trør på åkrane våre
andre
syng songar i vårlufta vår
andre
spring over engene
dansar
i gatene, ler i husa
våre
Vidare,
vidare:
Du
skal også – hit
ut
Ein
gong er også du ein gløymd skugge
og
det einaste som tel
då
er
kven
du var, kva du gjorde
og
viktigast av alt: kven
Ja,
kven
du
tilhøyrde
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar