Etter
mange lange veker
lengtande,
ventande
medan
tankane grov seg ein veg
til
fridomen
og
hjarta banka for den frie lufta
dei
frie vegane
skogen,
og livet sjølv
slapp
eg endeleg ut
dører
vart opna
verda
vart opna,
eg
gjekk ut
først
nølande,
så
i lange byks
gav
eg meg i kast med fridomen,
utforska
jublande livet
dansa
under månen
døste
under sola
song
mot stjerner og fjerne galaksar
var
herre over meg sjølv,
men
med delt hjarta, no:
nølande
vendte eg tilbake,
viste
mi takksemd for gåva
i håp, og frykt
men dørene sto opne,
dei
lukka
seg aldri
att

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar