Med
ryggen til universet
og
blikket vendt mot jorda
går
han sin vante tur over himmelen
Han
har sett mykje, månen
sett
tider skifte, tider komme
og
tider gå
Han
har sett hærar ruste opp
og
hærar kome heim att,
sett
spora i det blodige kjølvatnet
Han
har sett foreldre
kjempe
for sine born, han har sett
born,
aleine – i aude gater
Eit
blikk:
Ein nabo som stel
Ein direktør som lyg
Ein ektemann med koffert på perrongen
Han har sett menneske
ete
og menneske svelte
død og liv, fødsel og
grav, side ved side
og
ofte har ein skugge
glidd
over ansiktet,
eit
skuffa skjær i dei gamle auga
Det
er ei tung bør å måtte sjå
kor
det går gale
og
ikkje kunne gjere noko med det
Hei, må takke for at du leser bloggen min. Det gjør meg utrolig glad!
SvarSlettmå si du imponerer med hvordan du får ord til å bety så mangt!
Den nye bloggen min er så vidt oppe å går, dersom du følger litt med så vil du muligens se at det blir noe ut av det etter hvert! her er link: http://tankesonen.wordpress.com/
Ønsker deg en vakker dag!