Nokon
lyste på meg
i
dag
med
ein fjern lyskastar
Nokon
eg ikkje veit kven er
der
ute
ein
stad, langt vekke
Nokon,
der ute? kanskje
nokon
som
lurar på kva eg gjer
Nokon
som er litt for nysgjerrige
kanskje
eller
ikkje veit å avgrense seg
Eller
nokon som vil ha kontakt
eller
gjer
sitt beste for å unngå det
Kva
veit vel eg om
det
Det
var umogeleg å sjå noko i motlyset
Via ein kommentar du hadde på bloggen til Marita Baluba kom eg hit inn til din fine blogg.
SvarSlettNokre står fram med fullt navn her i den virituelle verda, andre som meg, utan blogg, går forsiktig rundt og finn perler som eg kosar meg med.Du har ein god penn og eit godt blikk.
Eg kjem nok innom att :)
Med venleg helsing Marie