Viser innlegg med etiketten ondskap. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten ondskap. Vis alle innlegg

fredag 24. mai 2013

Monstret i meg



Nokre gonger – på tunge dagar
Vil monstret ut
i lyset, rive og slite, knuse alt
Nokre dagar er det umogleg
å stogge
Umogleg å stagge
Alt det vil – alt eg vil
er å øydeleggje, rive ned
Vere den umoglege, harde

Snu ryggen til alt og alle,
berre bry meg om mine eigne ynskjer
eigne tankar
eigne behov
Berre vere eit monster
som trampar rundt for meg sjølv

Ja, nokre dagar pressar monstret seg fram,
vil ut i lyset

og eg let det komme!

For eg veit,
kjem det ut i lyset…
…vil det løyse seg opp i stråleglansen frå sola!

(Dette diktet kunne også heitt:
Elementær barnelærdom frå søndagsskulen…)

fredag 30. november 2012

Med blikk på verda



Med ryggen til universet
og blikket vendt mot jorda
går han sin vante tur over himmelen

Han har sett mykje, månen
sett tider skifte, tider komme
og tider gå

Han har sett hærar ruste opp
og hærar kome heim att,
sett spora i det blodige kjølvatnet

Han har sett foreldre
kjempe for sine born, han har sett
born, aleine – i aude gater

Eit blikk:
Ein nabo som stel
Ein direktør som lyg
Ein ektemann med koffert på perrongen

Han har sett menneske ete
og menneske svelte
død og liv, fødsel og grav, side ved side

og ofte har ein skugge
glidd over ansiktet,
eit skuffa skjær i dei gamle auga

Det er ei tung bør å måtte sjå
kor det går gale
og ikkje kunne gjere noko med det