Nokre gonger – på tunge dagar
Vil monstret ut
i lyset, rive og slite, knuse alt
Nokre dagar er det umogleg
å stogge
Umogleg å stagge
Alt det vil – alt eg vil
er å øydeleggje, rive ned
Vere den umoglege, harde
Snu ryggen til alt og alle,
berre bry meg om mine eigne ynskjer
eigne tankar
eigne behov
Berre vere eit monster
som trampar rundt for meg sjølv
Ja, nokre dagar pressar monstret seg
fram,
vil ut i lyset
og eg let det komme!
For eg veit,
kjem det ut i lyset…
…vil det løyse seg opp i stråleglansen
frå sola!
(Dette diktet kunne også heitt:
Elementær barnelærdom frå søndagsskulen…)
