søndag 16. september 2012

Luftig


Så luftige våre draumar er
Så flyktige, så lette å miste

Likevel, 
drøym, alt du kan
For utan draumar døyr håpet
og viljen til å endre, eller halde fast
på den du er
og kva du vil
og kor du går

lørdag 15. september 2012

Lys i mørket


Sjølv i dei mørkast netter
når einsemd
og lengt
Trykker meg fast til bakken

Sjølv i dei stundene
når eg ikkje kan forstå
korleis livet skal bli
utan deg

Ja, sjølv når eg ikkje ser 
nokon veg
i mørket
alt eg ynskjer
er å setje meg ned
lukke augene
og stengje alle håp
alle draumar
alt som held meg fast til livet
ute

Sjølv då 
skin det som regel eit lys
ein stad
Det er berre så utuleg vanskeleg å sjå
kor

fredag 14. september 2012

Refleksjon


Vi liknar kvarandre
naturen og eg
vi er brødre, to alen
av same stykke

Når véret er mørkt
og vinden bles
eller stormen får herje på vatnet
då brest heile bildet
alt vert grumset og svart

Slik også med meg
i dei travle og opprørte dagar
når alt går i mot
Alt er støy og kav
Då glepp heile bildet ifrå meg

Men gje oss ein solskinnsdag
med vindpause, lummer
og tvers gjennom stille dag
Då kviler vatnet, og sjela
Reflekterer det innerste inne

torsdag 13. september 2012

Edderkoppspinn


Av og til kan eg kjenne
edderkoppspinnet
snirkle seg rundt beina
rundt armar og hovud

Spinnet dekkjer heile meg
vever meg inn i ein kokong
alle lydar vert dempa
verda er ein fjern stad

Det er berre eg
og edderkoppspinnet
som tel, alt anna
vert viska vekk, gløymt

Andre gonger 
kjenner eg trådane inni meg
Dei vert spunne frå celle til celle
bind meg fast til blod og vev

Edderkoppspinnet vert meg
og eg vert sjølve veven
klarar ikkje rive meg laus
sjølv

Sit der, omspunnen
innevevd og aleine
Til nokon gir meg ei hand
eller eit smil

onsdag 12. september 2012

Beyond anything


Beyond my wishes
Beyond every word
I have ever said
and every sight
I have ever seen
There's a place, so much higher
than my dreams
so much higher
than I could ever imagine

Above the skies
Above the earth
Above every planet or galaxy
Above everything
and beyond anything
There's a place, out of scale
out of reach

And still
It's more real
than anything
I've experienced

Light at night


It's night
and it's late
I walk the streets
alone

It's late
at night
and all the streets
are dark

It's night
dusky light
my steps echoes
quietly

mandag 10. september 2012

Silent prayer




Calm me
Like the water
Talk to my soul
Whisper quiet words
Still my hunger
and quench my thirst
Lord, be my peace

In the silence, where my heart is still
I can hear you talking to me
That’s where I can feel your presence
And lay my sorrows down at your feet

I want to be in the silence, Lord
Calm my soul like the water