torsdag 9. november 2023

Kanskje

det kan absolutt skje

at eg går inn feil dør, hamnar utanfor

der eg skulle vore innanfor

på eit anna plan, som ein prikk mot horisonten

langt vekke


det kan skje

at ingen vil oppdage at eg ikkje er der lenger

for orda er så svake, omrisset av den eg var

dekkjer ikkje lenger kroppen


det kan skje

at eg berre fell og fell, som eit lauv i haustvinden

men landar mjukt mot bakken, mjukt mot molda

mjukt i hender som tek meg i mot -


det kan absolutt skje

at feil dør viser seg å vere riktig dør

og utanfor er det same som innanfor - i dette tilfellet,

og om ingen ser meg

er det likevel Ein som fangar meg inn i


og kanskje er det alt som skal til


fredag 26. mars 2021

På ny på ny

me kunne kanskje ta til att,

starte opp der me slapp


gripe dei gamle orda

eller finne nye som passar betre

der me er no


la orda vekse seg større med tida,

sørge for vekstvilkår

i eit karrig landskap


vere det me ikkje var

før me vart det me er

og kan leve med dette

å vere slike som stadig vert


tvinga til å starte på ny


det er jo noko fint i det også

onsdag 23. desember 2020

J -

så -
kor skal me setje juletreet då

det må ikkje stå i vegen for fjernsynet,
så me må bøye oss
eller skifte favorittstol
for heile juleveka

J- kan stå lenger borte
men ikkje framfor omnen,
eg vil gjerne sjå elden

heller ikkje for nær borda og bokhyllene
framfor kjøkkendøra
eller der borte kor eg plar sjå ut vindauget
på melankolske dagar

det kjem kanskje nokre slike i romjula også

så -
kor skal det stå

kanskje borti hjørnet,
der ingen snublar over det, og kanskje
skal me kjøpe eit svært lite i år

eit J- som knapt syns,
eller kanskje setje det i gongen
eller på boden nede

så kan me gå ned og sjå på det
når me treng litt julestemning
utan at det er til plage for nokon
i mellomtida

ja, set J- på boden,
det er det enklaste for alle,

viss me då treng J- i det heile,
kanskje me heller skal kjøpe litt meir konfetti
for pengane


tirsdag 1. desember 2020

Hav utan magemål

problemet er ikkje det me har

men det me trur me kan få

fordi me har rett til det

som eit sjølvsagt tilbehør til julemiddagen


ein saus av elektronikk, eit teppe

av ord, tøy, plast og glas

 

eit hav å symje i

men inga landkjenning, inga kai

å kunne klatre opp på, leggje seg flat

og nyte solvarmen

 

berre dette havet som stadig samlar meir av vatnet

og me som kavar med å halde oss flytande

medan ørkenen brer seg ut

der alle dei andre er