mandag 18. november 2019

På kanten av kontroll

kan du gjere noko
med tyngda til fjella?

kan du snu sola rundt, sende strålar
til fjerne planetar?

kan du endre farten på månen,
eller tømme havet for salt?

ikkje ein einaste fiber
kan du byggje saman,
same kor mykje du fokuserer tankane
og legg godviljen til

hjartet går sine eigne vegar,
blikka fyljer sine baner

orda dine
berre orda dine 
kan du velje fritt,
men ikkje ein gong dei
kan du kontrollere verknaden av -



fredag 15. november 2019

Lommelykt i sjela

sakte drog du veggane til side,
inn til dei mørke romma i sjela,
eg, som alltid hadde budd i hjartet ditt
og hadde mine faste rom
når eg kom på besøk, eg
fekk stige inn i dei mørke krokane
der alt det eg ikkje hadde sett ord på
eksisterte -

når du lyste inn med lommelykta
og eg kunne sjå inventaret
kjende eg det att frå mine eigne avlåste gongar,
det var kjent terreng
men sett slik utanfrå
vart det så mykje tydelegare

plutseleg hadde eg eit språk
for mi eiga sorg,
eit kart over vegar eg kunne ha kjent
men aldri hadde visst om,
og likevel var det akkurat desse vegane
som hadde leia meg hit, til i dag -

torsdag 14. november 2019

Meta

du har lov å vere glad
       for at du er glad

du har lov å vere lei deg
       for at du er så trist

du har lov å vere sint
       på ditt eige sinne

du har lov å vere skuffa
       over dine eigne svik -

det er så lett å grave seg ned,
men det er no ein gong mykje betre
å grave seg sjølv opp
i lyset

onsdag 13. november 2019

Flaskepost

eg er ikkje bølgjene eller vinden
eg er så definitivt ikkje havet
det vide havet med alle sine djupner
er for stort

eg er heller ikkje båten
eller masta, seglet, roret

det er ikkje eg som er tauverket som held det saman
eller losen som speidar i baugen

eg er ikkje skipper, kaptein, matros -
det er så mykje eg ikkje er...

om noko
er eg ein dekksgut, stille
gjer eg mitt arbeid
så godt eg kan -

lagar kart og forklaringar
           etter beste evne
om kurs og mål,
legg dei i flasker og kastar på sjøen
i eit brennande håp om å vere til hjelp         for nokon
som søker mot sikker hamn


tirsdag 12. november 2019

Kome att utan auge

i eit glimt såg eg inn i draumen
den var svart, som natta rundt

berre små lys, som blafrande stearin, lyste opp;

her var nokon som gøymde seg
her var nokon som var borte -

ingen kviskra namnet ditt,
ingen hengde opp bilete av handa di
som ein relikvie over døra,           nei, ingen
sa dei magiske orda eg visste høyrde til

for eg hadde høyrt dei før
og ville rope dei ut, rope dei inn
i motvinden

-

då vakna eg
og alle lys var borte 




mandag 11. november 2019

Motsett av motsett

me kan vende medaljen
to gonger rundt
og tilbake til dei tomme auga,
dei ventande hjarta

sveitten som fordampa
vender tilbake
og går tilbake i elva
- renn til fjella

stirer rett på sola
til auga smeltar
og alt me klarar
er alt anna enn det me klarte i går


lørdag 9. november 2019

Regnsmil

gjennom uendelege straumar vatn
trer eit ansikt fram,

eit minne, ein skugge
eit spegelbilde frå ei anna tid

det du såg
då du stirra deg sjølv djupt i auga -

no ser eg auga dine
fylte med vatn

og eg veit, som i eit lynglimt
at det er innsida eg ser     -       det du verkeleg såg

då hjartet ditt sukka under byrda
av alt vatnet som hopa seg opp

som eit innestengt magasin
bak auga dine