tirsdag 7. august 2018
mandag 6. august 2018
søndag 5. august 2018
lørdag 4. august 2018
Soleiebarn #18
fantastiske
lyse sommarminne
etter
dagar med strålande refleksjon –
huda
har absorbert all varmen
og
auga sendt strålane vidare
frå
menneske til menneske
til
vi strålar saman under sola
som
eit fellesskap
av andrehandskjelder
kor
vi solar oss i dette
at
vi ikkje går i eiga kraft,
men
speglar lyset
frå ei større kjelde
Etiketter:
fellesskap,
sol,
soleiebarn,
soleier,
sommar
fredag 3. august 2018
torsdag 2. august 2018
Soleiebarn #16
om
vi var så små
at
soleie-enga vart ein urskog,
ein
jungel vi må kjempe oss gjennom
på
veg mot felles mål
ville
dei tusen solene
vore
lyskastarvener –
ein
kaskade av gult
flommande
gjennom håret
og
verda vart forvandla
til
gull
Etiketter:
perspektiv,
soleiebarn,
soleier
onsdag 1. august 2018
Abonner på:
Innlegg (Atom)