torsdag 14. juni 2018
onsdag 13. juni 2018
tirsdag 12. juni 2018
Nye farvatn
inn i ukjente farvatn
der alle fargar, lukter og kjensler
er ferske
ingenting av det du kjende før
finn du att her;
du startar på null –
inn i desse farvatna
kjem du
med heile deg,
tankane dine og kjenslene dine
og det du kan
er ballast i båten,
eit anker du kan kaste ut
når bølgene vert for store
inn i dette eventyret
er det du stig
med
bankande hjarte
og
eit nysgjerrig blikk;
for kanskje er det noko her
som vil forandre deg, fornye deg
gjer deg til eit betre menneske –
Innover
kanskje kikkar du bak maska mi,
freistar å sjå kva som gøymer seg bakanfor
der fasaden smuldrar opp
og det grove reisverket vert synleg
ser bak
kanskje i frykt for å finne
at det heile er eit filmstudio
og bak auga, bak smilet, bak alle orda
er det trestillas som støttar alt opp
og bakanfor der
- ørkenen
frykte at det er slik
utan å vite
om det er di eller mi frykt
som er størst
søndag 10. juni 2018
fredag 8. juni 2018
På kanten av verda
her,
ytst på kanten
av
det kjente terrenget
med
heile verda ventande
som
eit brølande hav
der
ute
her,
med hjartet stille vakande
som
ei usynleg krokodille
under
stille vatn,
berre
auga avslører
dei svimlande djupnene
under
lysbrytingsflata
her
akkurat
her
vert
framtida danna
Abonner på:
Innlegg (Atom)