fredag 5. januar 2018

Forsvar



desse orda er mitt forsvar
mot den store gløymsla
som ein dag vil sluke meg
og alt eg er
og har
og tenkjer

det store mørket
som trekk meg mot bakken
millimeter for millimeter
til alt som står att
er eit namn og to tal

likevel – eg set orda inn
som skarpe våpen
i kampen
og vil kjempe til siste
dråpe med blekk


torsdag 4. januar 2018

4. mai 1823: Karl Marx møter ein ulv i skogen



kaldt stirra auga over den opne glipa i skogen
lufta har eit drag av yrande vår
føtene er varme, men armane skjelv
av noko han kjenner att som kulde
- kanskje er det noko anna

dei studerer kvarandre
sirklar sakte rundt skogkanten
med bringebærkrattet som eit naturleg nav
midt på enga

dette er ei sterkare makt enn eg
tenkjer han, går sakte baklengs ned mot elva
utan å sleppe den tynne tråden
som bind auga deira saman

hjartet vil knuse seg veg ut i lyset
hendene er klamme
hjernen er likevel roleg, balansert
han veit dei er like redde –

og det er ulven som snur
går sin veg innover skogen
i det han er komen passe langt unna
og ikkje lenger heng fast i det framande blikket;

dagen etter rundar ulven sitt femte år
og legg seg ned for siste gong djupt i skogsmørket

verda er ein ulv mindre
og i ferd med å endre ham

onsdag 3. januar 2018

Vinterlys



kan dette vinterlyset
berge meg over
avgrunnars avgrunn
i mitt eige hjarte –

somrane leikar endå
som mjuke vindar
i cellene mine

men her – midt imellom
er det døden som rår
gjennom mørke skodder
og kulda som held meg
i lenkjer

og den største avgrunnen
er mi eiga frykt
for meg sjølv og tida
og det stummande mørket

kan dette vinterlyset
berge meg over –