lørdag 12. desember 2015

Nær



sleppe, gripe
oppnedtankar
flytande i dette universet
av rare lydar

gripe, sleppe
bakvendtmaten
i kjappe rørsler
og forsvinne




flyktige draumevengjer
over sommarlandskapet

eg listar meg nærare
så nært at eg kan kjenne
den vesle skjelvinga

- vissa om vinter og død er eit batteri,
gir ekstra energi i sommarkvelden




dette er også ein idrett
seier løvetanna,
strekk sine stive musklar
etter kampen mot sand og grus
og all verdas motvilje



fredag 11. desember 2015

Møte verda



sleppe hjartet laust
som hundre ville fuglar
over framande landskap

reise seg, bestemt
frå førarsetet, slå motoren av –
kjenne stilla som eit heilt nytt nærvær

alt dette mjuke mot huda
let deg sleppe alle band;
flate ut med blikket mot stjernene

slik møter eg verda,
ser kroppen sveve
inn i endå ukjende tablå



torsdag 10. desember 2015

Dobbel



eg er to
på same tid 
        – som du

ein spegel for meg sjølv
ein reflektor for deg

orda dine formar meg
reaksjonen min vil forme deg

saman spelar vi melodien
som fyller tomrommet
der vi ein gong stod