det
er noko som heng att
i
dei bratte bakkane,
mellom
dei arbeidande sine hus
og
fortida
som
endå ikkje er gamal nok –
sjølve
intensjonen bak draumane,
tankane
som ein gong bygde
ei
grend
i
eit terreng for skråstilte maur,
der
menneska gjekk til og frå
med
sine byggesteinar, sine liv
til
alt stod der, var til –
endå
er det noko som heng att
i
dørene, i vindauga
i
hustaka si stirring utover fjorden,
ein
stille vibrasjon – ein respekt
for
fjella, for steinen
for
nevane som skal jobbe –
sjølve
intensjonen bak draumane,
tanken
om ei framtid
for
seg og sine,
bak
tause blikk, hardbarka ansikt
og
herda nevar
etter
dagar og netter med slit,
bur
håpet
sjølve
intensjonen –
