Viser innlegg med etiketten arbeid. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten arbeid. Vis alle innlegg

fredag 1. mai 2015

Dei grå



han som reiste frå garden,
pakka tinga sine i ein sekk
og gjekk
langs støvete landevegar
bort frå alt han kjende

ho som nærma seg byen
den larmande støyen
stampande hestar
røyk frå tårnhøge piper –
han som sette sine bein
mellom snurrande tannhjul
- med livet som innsats
skapte noko nytt
i verda

ho som vakna i mørkret,
gjekk i mørkret til arbeidet,
sat fjorten timar i strekk
bøygd over ein benk
eller ei maskin
eller ein stamp,
gjekk heim i mørket
segna om på senga, sov
og vakna til ein ny dag
i mørket

han som drøymde
om ei betre framtid
for sine born, han
som såg dei magre rundt det vesle bordet
og bad sine inderlege bøner
om meir mat, meir fridom
meir menneskelege kår
for sine små

han
og ho
og alle dei som står framfor
det same
i dag –


mandag 15. september 2014

Intensjonen




det er noko som heng att
i dei bratte bakkane,
mellom dei arbeidande sine hus
og fortida
som endå ikkje er gamal nok –

sjølve intensjonen bak draumane,
tankane som ein gong bygde
ei grend
i eit terreng for skråstilte maur,
der menneska gjekk til og frå
med sine byggesteinar, sine liv
til alt stod der, var til –

endå er det noko som heng att
i dørene, i vindauga
i hustaka si stirring utover fjorden,
ein stille vibrasjon – ein respekt
for fjella, for steinen
for nevane som skal jobbe –

sjølve intensjonen bak draumane,
tanken om ei framtid
for seg og sine,
bak tause blikk, hardbarka ansikt
og herda nevar
etter dagar og netter med slit,
bur håpet

sjølve intensjonen –