mandag 2. juni 2014

Junilandskap



1
kan du høyre
det enorme fråværet
av lyd?

eit sus av ingenting
heilt stille,
berre insektsurr i vegkanten –

kan du sjå kor det glitrar
i tusen solrefleksjonar
nedi sjøen

der steinane ligg
og ventar
på bølgjer som ikkje kjem
- ikkje i dag

eg tek av meg skoa
går berrføtt over nyslått gras
juni har gjort sin entré




2
sirlig på rekke
ligg rastene, tause
som vitne om livet,
det som har vore
og det som vil komme

talar om mat
i harde vinterdagar

talar om varme
eit vern imot døden

talar om slit
om sveitte og tårer

talar om dei som har gått her
slått graset, overlevd
vinter på vinter, år etter år

talar om kunst
at nokre kunstformer
kan berre formidlast med gras –




3
det går eit grenseland
eit usynleg skilje
mellom oss som har mobil
og klokke og kalkulator
og datamaskin og bil og a-plan

og kalender, ikkje minst kalender

og dei som har tid
til å undre seg over
ein snåling
som stressar forbi

og kvifor han ikkje kan sjå
at det beste graset
er her, nettopp no

og at det er nok til å dele –

eg har ei vag aning
det er akkurat som
at det er eg som står på utsida
av dette skiljet –





4
det aller beste
med eit junilandskap
er at det ikkje treng
å vere så stort

det er meir enn nok med ein benk
eit lite bord å setje jordbærskåla på
ei busk som gir skugge
og litt gras der dei minste kan leike –




søndag 1. juni 2014

Retreat






(Haiku horizons)

Nye vegar



1
det er dei litt slitte skoa
på slitte gater
i ein litt slitt by

ein sliten mann
med slitne sko
i lange, slitne gater

tusen tause stjerner
ein taus mann
i to tause sko

i ein litt stor by
under store, usynlege stjerner
må sitje og kvile litt
her




2
eg våga meg ut på dei store djupnene
våga meg utpå, djupnene lokka
meg ut, med ei klokkeklar røyst
mellom fjellveggane, ei dirring
djupare enn mine indre djupner
ei lengt ingen visjonar kan temme

eg vart dregen av ein luftstraum, eit dragsug
etter stemmene i djupet – kom ut
der du vil skjelve av skrekk – kom ut
til eit land der du ikkje har kontrollen –

eg våga meg ut
på dei store djupnene
våga meg utpå
når djupnene lokka





3
nokon må leie
mine steg
i den nye verda

nokon må halde
lyfte meg opp
når eg fell

nokon må vise
vere eksempel
langs vegen

nokon må støtte
vere haldepunkt
og trygge veggar

nokon må vere der
berre vere
der, for meg