lørdag 7. september 2013

Mellom oss



Kva skjelv dei for,
desse strålane som strøymer
frå auga våre
som små magnetismebølgjer
på eit uendeleg hav;

Kva søkjer dei etter,
dei lengtande blikk, dei svevande draumar
som fyl med oss, alltid eit steg framfor
og er der
vi kjem om eit hjarteslag;

Kva skjer når dei kvervlar i hop,
som samanvikla leidningar –
knutar som aldri går opp,
aldri i æva
Kva skjer med oss då?

Kan vi møte framtida sidelengs,
med blikket vend mot kvarandre,
utan å snuble på vegen
eller gå oss vill i skogen av
alt som burde eller skulle vore gjort,

Tør vi la strålane strøyme
vidare og vidare og vidare og vidare
til vi ikkje lenger kan skilje
kor dei einskilde kjem ifrå?

fredag 6. september 2013

Bak private dører



To lukkelege sjeler,
ho og han og det som er mellom,
det som ligg der – som juvelar
i lufta dei pustar, i golvet dei trør
- Det er deira rom, deira fristad
Det er her dei kan dele seg sjølve,
fullt ut – og vere heile,
ingen andre har noko med
alt det gode som skjer
bak deira dør

I neste kvartal, ei anna dør

to sjeler,
ho og han og det som er mellom,
det som ligg der – som knasande grus
mellom tenner, som spiker i veggane
- Det er deira rom, deira fengsel
Det er her dei kjempar sine slag,
det er her dei slikkar sår, og blåmerker
gror – den ventande krigen
som eit pustande dyr
mot dørstokken

I neste kvartal, ei tredje dør

som skjuler ei sjel,
hennar siste skanse mot verda,
og alt som ligg der – som klagande
tonar, stirrande blikk og tause munnar
gjennom gater så grå som hennar sinn
- Det er hennar rom, hennar einsame øy
Lufta, og tida, står stille,
alt stoppar opp i det ho går gjennom
si blåfarga dør,
inn i lengsla
inn i einsemda…

Tre private dører
Så firkanta og like, med låsar
som lukkar verda ute –
og inne det vi aldri vil få sjå


#dører

Når eg går gjennom bygater, eller gjennom byggefelt, eller køyrer forbi hus om kvelden når det er mørkt, og lysa stråler ut frå stoveglasa, kan eg ikkje la vere å undrast: Lurar på kven som bur her. Korleis har dei det? Er dei lukkelege? Gler dei seg til morgondagen? Ber dei på sorger som knuser dei, sakte men sikkert, til skuggar av seg sjølv? Er dei redde? Har dei slutta å håpe? Det er så mange menneske på denne jorda. Så mange ulike liv. Bak kvar dør bur det menneske som har det annleis enn meg sjølv, lever annleis liv, har andre draumar, andre mål. Dette er ein av dei tinga som gjer det spennande å vere menneske!

torsdag 5. september 2013

Optimist



I dag er eg optimist
I dag – reknar eg algebra med penn
I dag – let eg paraplyen stå,
trass dei mørke skyene
bak horisonten
I dag – knyter eg joggeskoa
med enkeltknute
Det går nok bra!
I dag – skal eg tippe i lotto

I morgon skal eg kaste kupongen
i papirreturen,
for i morgon
er eg nok meg sjølv att

Nei, sjå på det du,
papirreturen… som om det…
Ja, i dag er eg verkeleg
optimist! 

onsdag 4. september 2013

Nokon stal uskulda



Nokon stal uskulda vår
endå ein gong
stod vi ribba tilbake

Nokon pensla over sola,
vi ser ikkje lenger forskjell
på dag og natt

Nokon låste gleda inne
i eit avstengt bur
ventar på si utfriing

Nokon la føringar for tankane
vi tenkjer om verda,
at den ikkje lenger er slik den var

Nokon førte oss inn bak lyset
til alle tings bakside
der skuggane fell – som redsle

Nokon tok det beste frå oss;
den bankande livsnerven
i kvar einaste menneskekropp

Vi er ein færre enn før
Vi har sett det mørkaste mørke
Vi nektar å la oss knekke

Nokon har slått eit sår
som ikkje kan lækjast,
men arret vil vere eit vitne – for livet


#menneske

Eg vert stadig forundra over korleis vi menneske kan vere mot kvarandre. Kor dårleg vi kan behandle andre, kor kaldblodig ein kan drepe og lemleste i krig, kor kynisk og lite sympatisk vi kan møte kvarandre i kvardagen. Kor enkelt det er å låse seg inne bak ei egodør, og lukke auge, øyre og hjarte for alle som lir. Samtidig: Eg vert også forundra over kor smertefullt det kan vere å sjå andre, heilt ukjente menneske lide. Kor sint eg vert når eg les nyhende frå Syria. Kor vondt det gjer å tenkje på familien og venene til Anja Weløy Aarseth i Ålesund. Å leve i denne dynamikken, mellom hatet og omtanken, er noko som kjenneteiknar oss menneske. Dessverre vil det alltid finnast nokon som let hatet få meir plass enn kjærleiken til livet.