tirsdag 9. oktober 2012

I can spy



I can spy
See you in the eye
Starring you right down
Before I walk to town

Sing a quiet song
Tell me I belong
Then I tell you why
I was walking by

Inside I am nice
Let me tell you twice:
I love you through the day
I’ll never walk away

In the cold October night
My love is shining bright

mandag 8. oktober 2012

Livet, slik det vart




Eg minnes tida
som lukkeleg ungtre
Då stod eg og veiva mot vinden
Fri og forventingsfull
til alt eg skulle få sjå
når eg berre vart høgare

Tida strekte seg, og eg
strekte meg oppover
Alltid oppover, og ut
Gleda bobla i meg
Alt i verda var nytt
og eg møtte den
med eit ope sinn

I dag er det rart å tenkje tilbake
På den eg var
Naiviteten, kor eg var uavgrensa
nyfike på verda og framtida
I dag har eg erfaring, eg er endra
Eg tenkjer ikkje lenger slik eg gjorde

Verda har herja med meg
Vinden har blåse meg skeiv
Regnet har sett sine spor i barken
Og eg har sett
at eg er eit tre for meg sjølv
og verda spelar ikkje alltid på lag

Eg har sjølv måtte danna mitt bilde
Ingenting har kome gratis,
flygande med den varme kveldsvinden
Kampane mine har vore mange
Og prøvingane harde

Likevel, eg står her endå
Eg strekk fortsatt armane oppover
mot himmelen
Og eg syng fortsatt dei stille songane
om kvelden
Eg er ikkje den eg trudde eg skulle bli
Verda er ikkje slik eg håpa

Likevel, eg står
Her
Endå

Hermetisert og lagra





Kjenslene mine er hermetiserte
Og lagra
Godt plasserte på ulike hyller
Klare til bruk
Og passe vekkgøymde
Dei dukkar ikkje opp
I utide
Og det er ikkje kven som helst
Som klarar opne lokka

fredag 5. oktober 2012

Sinne




Utdaterte, utspelte
Ut
Forkasta av våre eigne

Og det verste av alt:
Dei tok det beste frå oss
Før dei sende oss av garde

No har vi berre minnene att
Av det som var
Av dei vi var
Minner som vil smuldre bort
Saman med oss

Vi vil gjødsle marka med vår avsky
Spreie sinneatoma til nye generasjonar
Av harmdirrande, fryktlause blad

Kanskje dei kan ta opp den kampen
Vi tapte

onsdag 3. oktober 2012

Under huda




Det er fargane det handlar om
Fargane som kryp inn
Kroar seg rett under huda
Buset seg, endå ein gong
For ei tid
Raude, gule, duse og klare
Dei går saman
Eit bilete i lag, av fred
Harmoni
Velvære
Eg har det under huda
Det sit som spikra

Samtidig er dei bodberarar
Til meg – frå naturen
- Klokka tikkar, det nærmar seg
Enden på det gamle

Og starten på alt nytt

mandag 1. oktober 2012

Ein tanke i døra


ein tanke som klør
går gjennom mi dør
ein tanke som aldri
har vore her før

den ber meg å teie
og aldri meir seie
til nokon at eg
vil vere greie