søndag 19. april 2020

Sjølvfanga

høgt oppe
i sitt sjølvbygde tårn
står prinsessa
og gret

ser utover
eit ukjent landskap

her er ho distansert
ei brikke i sitt eige spel
og no spelt ut
over alle sidelinjer

ser alle vegar ho kunne gått
alle hav ho kunne sigla,
og no
er ho fast i dette tårnet, denne staden
dette høge og einsame livet

---

riv tårnet
frå toppen og ned
kviskrar dei rømte 
dyrehagegiraffane;
det er mogleg
å starte på ny


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar