lørdag 18. april 2020

Nedover

ser meg beint inn i auga
gjennom denne gardina av vatn
i fossen

ei fjellside av samansmelta mineral
går sakte i oppløysing,
slik hjartet mitt sakte forvitrar
under denne flaumen av tid

i går stod eg på toppen av fossen,
ja, det kjennes som i går
og endå kan eg sjå utsikta
som eit luftig landskap bak auga

i dag er eg halvvegs nede
og endå veit eg ikkje kva som skjuler seg
i dampen eg flyt gjennom

verda er endå vid
men vert stadig mindre,
sjølv om hjartet har lagra utsikta
landskapet
det frie
som sitt eige bakgrunnsbilde

det er noko fossen aldri
kan ta frå meg


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar