lenka rundt halsen strammar seg til
på heilt feil tidspunkt,
held meg nede og ute
frå det store maleriet
gjennomsnittleg sett
skulle låsen vere ulåst
minst to sekund i løpet av ein dag,
alt eg må gjere
er å vere konsentrert - heile tida
og vente
på desse sekunda
og i riktig augeblikk
røske lenkene av
i praksis
har det vist seg umogleg
for ein kan aldri stole på eit gjennomsnitt
og her ein dag
opna lenkene seg med berre tre minutts mellomrom
fire gongar
og eg var ikkje klar
nokon tav gongene,
no kan det hende eg må vente
ei veke eller tre dagar
eller vere vaken kvar einaste natt
og fortvilinga ligg som ein stein
i hjartet mitt
et meg opp innanfrå
men eg nektar å gje opp,
eg nektar å tigge etter ein nøkkel
Viser innlegg med etiketten fange. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten fange. Vis alle innlegg
søndag 16. august 2020
søndag 19. april 2020
Sjølvfanga
høgt oppe
i sitt sjølvbygde tårn
står prinsessa
og gret
ser utover
eit ukjent landskap
her er ho distansert
ei brikke i sitt eige spel
og no spelt ut
over alle sidelinjer
ser alle vegar ho kunne gått
alle hav ho kunne sigla,
og no
er ho fast i dette tårnet, denne staden
dette høge og einsame livet
---
riv tårnet
frå toppen og ned
kviskrar dei rømte
dyrehagegiraffane;
det er mogleg
å starte på ny
i sitt sjølvbygde tårn
står prinsessa
og gret
ser utover
eit ukjent landskap
her er ho distansert
ei brikke i sitt eige spel
og no spelt ut
over alle sidelinjer
ser alle vegar ho kunne gått
alle hav ho kunne sigla,
og no
er ho fast i dette tårnet, denne staden
dette høge og einsame livet
---
riv tårnet
frå toppen og ned
kviskrar dei rømte
dyrehagegiraffane;
det er mogleg
å starte på ny
Abonner på:
Innlegg (Atom)