Sollyset glimtar
i våpen
av nypussa stål
Tusen bajonettar,
på rekke
Midt i mot – ei
ny rekke
Tusen våpen, like
blanke
Bak våpna, på
begge sider
står gutar
i nyvaska, flotte
uniformar
Solbrune fjes, på
begge sider
Ansikta er bleike
og bestemte
Auga er sikre,
ryggane rake
Hendene skjelv
Men ikkje så
mykje at det syns
Dei er klare og
lyttar
Høyrer kampropet
runge:
Fram gutar!
Hev våpen!
Spring av stad!
Gjer di plikt!
For fedrelandet! For
Gud!
For dine barn og
din konge!
Eller
Lytt til
kviskringa
frå vinden
og to tusen
bestemødre:
Stikk bajonetten
i jorda
Gjer det no!
Pløy kvar dykkar
fure
Så korn og
poteter
og vatne med
tårene
frå to tusen
mødre utan søner
Rop eit leve for
jorda
Rop eit leve
i fred
Halloj!
SvarSlettvacker bild, ser ut att du vart på en hög höjd och fotat.
Jaaaa, ner med bajonetterna, bruka jorden, lev i fred!
SvarSlettA gorgeous shot! A tried translation for your words - it doesn´t work so well but I understand the meaning and you choose the perfect photo!
SvarSlett