Skyene samlar seg,
mørke, svarte og grå
over fjorden og bygda
over hovudet mitt
Dei er tung og tette
som ein klagesong
over alt som er skeivt
og skakt og gale
I den mørkaste tida
når det svarte tyngjer som tyngst
lyser sola brått gjennom
Eit glimt! Før det igjen tetnar til
Det er håp, kan eg høyre
ei kviskring i mørket,
det er ikkje ute med nåden
Ein dag vil det stråle igjennom
gjere klagesongen om til ein dans
Desse lysglimta finn eg også håp i.Du formidlar det fint i ord og bilde.
SvarSlettGod søndag.
Mvh Marie/MT