Det er ein slik kveld
du ventar at ein ulv kjem fram
lyfter hovudet og uler
mot månen
Det er ein slik kveld
du ventar lukka skal snu,
at alt som har gått bra så lenge
skal vende seg mot deg
Det er ein slik kveld
du tenkjer at toppen er nådd,
etter dette ventar syndeflaumen
og deretter nedoverbakkane
Det er ein slik kveld
du ventar ulvane skal ule
sine ulukkelege ul mot månen
og at blodet skal fryse til is ved
synet
Det er ein slik kveld
at ingenting likevel skjer
Livet fortset, du kan endå vere
lukkeleg
og ingen ulvar varslar di ulukke
Det er ein slik kveld
du oppdagar at alt er mogleg,
at det mest utrulege
som å få vere glad, er like
sannsynleg
kanskje til og med meir
enn ikkje

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar