fredag 26. september 2014
torsdag 25. september 2014
onsdag 24. september 2014
Å vere, og ikkje (To be, and not)
det er ein
runddans
og eg er forundra;
at nokon
kan plukke opp molekyla
og bygge
eit menneske
av det som ein gong var
ei løvetann, ei bjørk
ein syngande blåmeis
på brettet
at nokon
kan pusle molekyla
og puste liv i vevet,
setje alle tannhjula i gang
på ein gong,
og ordne eit samspel
så avansert
at det einaste vi kan gjere
er å kartleggje –
det er ein runddans
og eg er forundra;
at nokon
ein gong (og stadig)
kom på at dette er lurt,
let skapargleda boble
over sine breidder;
og kor vondt det må vere
å sjå blåmeisane
og bjørkene, løvetennene
og menneska
gå til grunne – gang på gang
og eg er forundra;
at nokon
kan plukke opp molekyla
og bygge
eit menneske
av det som ein gong var
ei løvetann, ei bjørk
ein syngande blåmeis
på brettet
at nokon
kan pusle molekyla
og puste liv i vevet,
setje alle tannhjula i gang
på ein gong,
og ordne eit samspel
så avansert
at det einaste vi kan gjere
er å kartleggje –
det er ein runddans
og eg er forundra;
at nokon
ein gong (og stadig)
kom på at dette er lurt,
let skapargleda boble
over sine breidder;
og kor vondt det må vere
å sjå blåmeisane
og bjørkene, løvetennene
og menneska
gå til grunne – gang på gang
tirsdag 23. september 2014
mandag 22. september 2014
Link
there’s a link
between
man and sea
- where you
can go
and the ocean
run free
there’s a deal
between
nature and me
- a set of rules
set against
the crumbling
of truth
there’s a place
between
life and death
- a lifeline
keeping me
afloat
søndag 21. september 2014
Space
Vegar
vegar
som er umoglege
å
gå, som forsvinn ut
i
det ukjente
ingenmannslandet,
heilt
utan skilt
vegar
som bøyer av
og
bender tilbake
i
siste liten,
vegar
du går
med
hjarta i halsen –
vegar
som ligg der
gjennom
kjent terreng
-
leietrådar mot eit mål
der
forvilla sjeler
finn
meining
Abonner på:
Innlegg (Atom)