søndag 26. januar 2014

Useless haiku (?)


Look at this, my friend!
I used a useless photo...
A perfect topic!


(Haiku heights)

Kontrastar



Så lite alt det store blir
når det vert plassert ved sida
av noko endå større –





Så stort alt det vesle vert
i møte med
Den aller største –
 




Når alt rundt oss
er nake, kaldt og tomt,
og alle fargar er fjerna
med haustviskelæret,
hang vi våre billige kopiar,
våre bilete, våre fargar
og freistar friske opp det daude
- ikkje som ei erstatning,
men det hjelper oss halde ut
og minner oss på
at etter dette
kjem dei ekte fargane tilbake



(Fototriss)

fredag 24. januar 2014

Lys som leier




Her siglar ein båt
over fjorden, her sit det ein mann
i sitt blikk
ser du stjerner som lyser
bak skyer og dråpar av regn, men
ingenting kan dempe lyset

for han ser lenger ut og fjorden er brei
ferda tek timar
Han smiler

Bak smilet ser du skuggen av eit anna smil,
som lys reflektert i kvar bølgje
men det er berre han som kan sjå det –

Her siglar ein mann i ein båt
Han har eit mål,
der framme ventar kjelda
til alle hans lys


Imitasjon #2




Sakte let eg vinden fylle alle
porene i huda mi, fylle
blindvegane i livet, alle skjulte rom
eg har halde lukka og låst

Eg let vinden sakte fylle alle
mine tankar og rørsler,
til eg vert usynleg, flyt i eitt
med bakgrunnen
forgrunnen
og alle andre grunnar eg har
til å ville forsvinne frå dette punktet

Vinden fyller sakte alle mine
motiv, alle tankar eg har
om meg sjølv og alt det andre
rundt, alle mine skisser
av korleis ting burde vere,
let vinden blåse det bort
så eg kan bli eit lukkelegare menneske –

Alle vindar let eg sakte fylle
mitt indre, let dei leike
i årene mine, kjenner eg vert fylt
av rørsler, fylt av framdrift,
fylt av ei lengt
etter å bli heil