Er du betre enn meg?
Er eg betre enn deg?
Kven er flottare enn kven?
Kven kan stikke seg ut?
Kven må gøyme seg vekk?
Kven får drive med sitt, i fred?
Kven kan løfte hovudet høgt?
Kven bør stikke det i sanden?
Kan vi la vere å bry oss om slikt?
Skal eg gå til høgre?
Skal du gå til venstre?
Skal vi fortsetje slik, eller snu?
Skal eg sitje, skal eg stå?
Skal du liggje, skal du gå?
Skal vi vere, skal vi tørre, skal vi
tru?
Kan du lese dette diktet?
Bør eg knekke penn og blyant?
Skal det lesast, eller brennast?
Kven er eg, og kven er du?
Tør vi smile, tør vi snakke?
Og kven i all verda har bestemt av vi
skal vurdere alle ting vi gjer eller ikkje gjer opp og i mente og att og fram
til det knapt er nokon som tør gjere noko i det heile utan frykt for å bli
slått i bakken av slemme ord eller oversett av heva auge eller trampa på av
samfunnsmekanismar ingen kan forklare, ingen vil vedgå seg eller ingen vågar
gjere noko med?
Er det slik?
Er dette eit tåpeleg spørsmål?
Kan eg møte deg,
kan du møte meg
utan vurdering og dom?